Luke 16: Sommer med Hilde Kvalvaag

Hilde var en av de første jeg spurte om ville delta i kalenderen. Og hun sa «ja». Hun måtte bare bli ferdig med to eksamener i kunst-og utrykksterapi først. Etter fullførte eksamener, har bilder og svar kommet tikkende inn.

Sommeren kan inneholde så mange nyanser. Hilde forteller om det her.

Jeg kommer til å ta med meg Hildes sommertanker videre inn i min egen sommer. De gir rom for ettertanke – og inspirasjon til å være tilstede når den skjer. Sommeren, altså.

1

En sommerrett

Eg er kronisk uorganisert og har veldig få ritualer, eg har derfor sjølvsagt/dessverre ingen sommar-signatur-rett, men eg liker å spise sommar-rullar ein gong eller to om sommaren. Sommar-rullar er veldig lite fotogene, dei liknar kjempelarvar med fyll, så derfor blir det ikkje bilde. Det gode med sommar-rullar er at du kan putte nesten kva som helst i dei. Gulrøtter og mynte, reker og eggnudlar. Så eg anbefaler dei på det varmaste, trass i den uheldige utsjånaden.  

2

Et sommerdikt

Eg har alltid blitt nervøs av sommaren, ganske melankolsk for å vere ærleg. Allereie til sankthans er eg redd for at den skal forsvinne mellom fingrane mine og snart vere over. Sjølv om eg er glad i sommaren, i varmen og alt som veks, og ikkje minst fordi min eldste son er heime frå København, og det er vidunderleg, er eg er nok meir høst og vinter-typen. Derfor velger eg dette diktet av Emily Dickinson, ei melankolsk kjærleikserklæring til sommaren, men også ei oppfordring til å ikkje vere trist over at sommaren ikkje kan vare evig, og at dens umerkelige forsvinning skapar rom for at hausten kan komme. Eg finn litt trøyst i det. 


Men eg har ein gong elska sommaren over alt anna, så eg legg ved eit bilde av litt av byrjinga frå ein sommarroman eg skreiv i 2005, Nattsommarfugl.


3

En sommerblomst

Eg elskar så mange blomstrar, forglemmegei, løvetann, blåklokke, akeleie, riddarspore, roser, peoner, storkenebb, revebjeller. Ein gong såg eg filmen Magnolia, den gjorde  stort inntrykk, etter den kjøpte eg mitt første magnoliatre, for eg elska namnet magnolia. No elskar eg blomsten også.

4

Den ultimate sommerdrikken

Det kjem an på kor ein er. Og tid på døgnet. På Vestlandet på ein regnfull kveld kunne det vore fint med ein whisky. Eller om det skein opp, ein gin tonic. I år skal vi ingen stader, så eg håper eg kan leike at eg er i Italia og drikke ein og annan aperol spritz. Så må vi drikke mynte-te for mynte veks overalt ved huset vårt i Storestraumen. I fjor sommar følte meg veldig avansert og laga vannkefir av kefirkorn, sukker og tørka frukt. Det var veldig godt, men plutseleg ein dag døydde kefirkorna, så eg skal bestille nye.  


5

Årets sommerlektyre

Eg les franske Annie Ernaux, Årene, det er ei fantastisk bok, og så fekk eg nettopp anbefalt den engelske forfattaren Deborah Levy, så eg skal sjekke ut henne. Og eg skal lese Agota Kristof. Og Smerten av Marguerite Duras. Så skal eg lese Tommy og tigeren med sonen min, og mannen min sine Donald-blad frå 1970-talet. Det er noko beroligande med Donald, som å holde fast barndommen.

6

Det beste stedet å være om sommeren – i Norge

Eg er så heldig at eg har ei venninne som eig ein støl i fjellet over Herand ved Jondal. Eg har vore der kvart år dei siste åra, sove ute, til lyden av foss og ku-raut, med utsikt til snøflekkete fjell og små stølar. Det er kanskje den aller vakraste staden eg veit. Men mest av alt tilbringer eg tid i sommarhuset vårt i Storestraumen i Os. Vi har hus ved vatnet så vi badar heile tida, uansett ver, og no i coronatida fekk vi god tid til å plante, så i år er det ekstra frodig i drivhuset. Eg liker å vere med plantene, og følger så og seie med på tomaten minutt for minutt. For første gong har eg eit håp om at dei blir raude. Og vi er skikkeleg spente på om det kjem druer på drueplanta i år. Hagen vår er eit villniss, men vi okkar oss begeistra over kvar ny blomst som spring ut, og sørger litt over dei som er avblomstra. No er det rosene si glanstid. Og blåklokkene.

7

Et fint sommerminne

Eg velger eit ferskt minne frå i år. Dattera mi på 18, svigerinna mi, min son på seks og eg overnatta for første gong i hengekøye no i juni. Vi gjekk inn i skogen ved huset vårt i Storestraumen. Vi hadde med stormkjøkken og steikte pølser og kokte vatn til solbærtoddy. Ein klassisk meny etter barnas ønske. Vi lytta etter fugl og hjort, dei vaksne drakk eit glas vin, eg røykte ein sigarett. Sonen min hoppa rundt i bekken. Eg delte ei raud og gul dobbel hengekøye med sonen min, og var redd eg ikkje skulle få til å sove, at skogen skulle gjere meg redd og melankolsk. Men det blei ikkje sånn. Vi la oss ikkje før det mørkna, og eg las Donald til sonen min i lyset frå ei lommelykt. Det kjendest høgtidssamt, som at augneblinken brann seg fast i oss begge. Eg sovna nesten med ein gang eg lukka auga, varm inntil guten min, med utsikt til tre og himmel. Neste morgon var dattera mi i godt humør og sonen min sa at å sove i hengekøye var terningkast 2 ganger 6. Jeg gir det tolv, sa han. Eg er enig, sa eg. Terningkast 12. 

8

Hva skal du gjøre i sommer? 

I sommar skal eg vere mest i Storestraumen. Eg kan ikkje reise for mykje vekk frå drivhuset, korleis skulle det gå med agurken og tomaten då! Men eg skal på ein tur i Stølsheimen med barna mine og kjærasten til sonen min, ikkje mannen min for han liker ikkje å gå i oppoverbakkar. Mi venninne Ragnhild frå Oslo, og nokre av hennar barn, skal også vere med. Vi skal gå opp frå Arnafjord til ei DNT-hytte som heiter Vatnane, den har berre seks sengeplassar og ser vemodig vakker ut. Vermeldinga er ustabil så akkurat no er eg redd for at vi må avlyse. Etterpå skal vi vere saman alle saman på Eidslandet, det er nederst i Eksingedalen. Det er ikkje sommar utan at eg får feriert med Ragnhild og familien, så eg gleder meg veldig til det. Vi skal også på Hardangervidda, på hytta til mamma og pappa. Eg håper å få gått til ein topp med pappa. Han har vore sjuk, men no kan han nesten mirakuløst gå langt, og eg er så glad for det. Mamma lagar overdådige frukostar kvar morgon, og det er dagens høgdepunkt. 

9

Et sommerbilde du er fornøyd med

Bildet er av mi kusine Monica (til høyre) og meg i 1973. Det er sommar på vår heimstad, Skyggjestrand, og vi hadde nesten like genserar og kvar si gulrot. Sommar for meg var lenge somrar med Monica. Vi vaks opp i lag og tilbragte alle somrar i lag. Nattsommarfugl er ein slags roman om oss.

10

 «Hilde om Hilde»

Eg er forfattar og jobbar også på Universitetet i Bergen. No utdannar eg meg til kunstterapeut, eg har tru på kunst og litteratur som terapi. Eg veit det av eiga erfaring. Livet mitt er prega av at den eine sonen vår døydde for to år sidan, om sommaren. No skriv eg ein roman om han som skal komme til neste år. Eg vil at folk skal vite for ein fantastisk gut han var, at til liks med sommaren romma han både lys og mørke, og eg vil at folk skal vite korleis det er å miste eit barn. At livet framleis kan vere godt, men at ein ser verda frå ein heilt annan stad, der mørket er veldig mørkt og forferdeleg, men lyset endå meir strålande enn før. Og at ein aldri, ikkje eitt sekund, tar noko for gitt. 

PS: Medan eg svarte på denne sommarkalendaren, har eg funne ut at eg er framleis meir glad i sommaren enn eg trudde. Mest av alt, elskar eg at det er så grønt, og at det er eit langt ope stykke tid der fine ting kan skje, at vakre vekstar veks fram rett framfor auga mine. Men viktigast av alt; eg kan vere saman døgnet rundt med dei eg er mest glad i. Og eg kan bade utan å fryse. I år skal eg bli forsont med sommaren.

Foto: Privat.